Hei Daniel!
Denne mailen har eg òg sendt til mailinglista wikino-l: http://mail.wikipedia.org/mailman/listinfo/wikino-l
Eg lurer på kva du som eigar av domenenamnet www.wikipedia.no meiner om bruken av det no når me har to wikipediaer på norsk språk, nynorsk (nn.wikipedia.org) og bokmål (no.wikipedia.org)?
Som du sikkert veit har det vore mykje debatt om målform sidan me starta nynorsk wikipedia for eitt år sidan, men det er tydeleg at den er her for å bli (me har no meir enn 9000 artiklar). Blant anna var det mange på den originale wikipediaen som ikkje ønskte å kalla sin wikipedia for bokmålswikipedia, og ønskte å fortsetja med å profilera denne som "Norsk Wikipedia". Det vart bestemt at han skulle berre godta bokmål/riksmål til slutt.
Du kan lesa ein oppsummering av debatten og utfallet i kopien av e-posten som vart sent til wikipedia-l på http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Ambassade/Wikipedia-l
Det har sjølvsagt vore ein debatt om no.wikipedia.org no burde forandrast til nb.wikipedia.org sidan ein ikkje lenger godtek alle former av norsk, men enn så lenge ligg denne debatten daud.
Likevel er www.wikipedia.no ein redirect til no.wikipedia.org. Eg meiner dette er feil sidan topp-domenet no refererer til landet Noreg, medan subdomenene til wikipedia ikkje har noko med politiske grenser å gjera, men dei referer til tobokstavskoden i ISO 639. Nyleg har ein nytta www.wikipedia.no i profilering av bokmålsvarianten i ein pressemelding:
http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Pressemeldinger/30_000_artikler
Det hadde vore fint om du som eigar kunne avklare kva du tykkjer ein skal gjera med domenenamnet ditt. Til samanlikning er domenet www.wikipedia.nl ein redirect til ei portalside som peikar til wikipedia på dei ulike nederlandske språka og ein del innvandrarspråk.
Hjarteleg helsing Bjarte Sørensen