[Wikino-l] Bruken av domenenamnet www.wikipedia.no

Bjarte Sørensen bjarte.sorensen at gmail.com
Tir 12. Jul 2005 20:38:01 UTC


Hei Daniel!

Denne mailen har eg òg sendt til mailinglista wikino-l:
http://mail.wikipedia.org/mailman/listinfo/wikino-l

Eg lurer på kva du som eigar av domenenamnet www.wikipedia.no meiner
om bruken av det no når me har to wikipediaer på norsk språk, nynorsk
(nn.wikipedia.org) og bokmål (no.wikipedia.org)?

Som du sikkert veit har det vore mykje debatt om målform sidan me
starta nynorsk wikipedia for eitt år sidan, men det er tydeleg at den
er her for å bli (me har no meir enn 9000 artiklar). Blant anna var
det mange på den originale wikipediaen som ikkje ønskte å kalla sin
wikipedia for bokmålswikipedia, og ønskte å fortsetja med å profilera
denne som "Norsk Wikipedia". Det vart bestemt at han skulle berre
godta bokmål/riksmål til slutt.

Du kan lesa ein oppsummering av debatten og utfallet i kopien av
e-posten som vart sent til wikipedia-l på
http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Ambassade/Wikipedia-l

Det har sjølvsagt vore ein debatt om no.wikipedia.org no burde
forandrast til nb.wikipedia.org sidan ein ikkje lenger godtek alle
former av norsk, men enn så lenge ligg denne debatten daud.

Likevel er www.wikipedia.no ein redirect til no.wikipedia.org. Eg
meiner dette er feil sidan topp-domenet no refererer til landet Noreg,
medan subdomenene til wikipedia ikkje har noko med politiske grenser å
gjera, men dei referer til tobokstavskoden i ISO 639. Nyleg har ein
nytta www.wikipedia.no i profilering av bokmålsvarianten i ein
pressemelding:

http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Pressemeldinger/30_000_artikler

Det hadde vore fint om du som eigar kunne avklare kva du tykkjer ein
skal gjera med domenenamnet ditt. Til samanlikning er domenet
www.wikipedia.nl ein redirect til ei portalside som peikar til
wikipedia på dei ulike nederlandske språka og ein del innvandrarspråk.

Hjarteleg helsing Bjarte Sørensen



Mer informasjon om epostlisten WikiNO-l.